|
Skrevet av Kirsten Homme
|
|
lørdag 27. desember 2008 20:20 |
Ribbemarsjen andre joledag samla mykje folk i år. I overkant av 25 store og små vandra frå Kleivi og ned gjennom bygda i strålande sol og akkurat passe temperatur. Nokre av dei sprekaste hadde gått vegen opp før dei slo følgje med dei som hadde samla seg ved Bui klokka 12.
Her kjem fortroppen.... |
 |
Dei fleste gjekk ned til Bandak og nokre fekk med seg ein del av Strandinvegen. Andre snudde etterkvart fordi matgryter eller gjester venta eller fordi formen ikkje var på topp....
|
 |
Dette er blitt ein triveleg tradisjon som er fin å få med seg. Sosialt samver og trim etter mykje god jolemat.
|
 |
|