Småspretten Skriv ut E-post
Skrevet av Turid B. Kleve   
fredag 02. desember 2011 00:00
Kva skjer i Lårdal på torsdagar?
Er du glad i å hoppe og sprette? Synest mamma og pappa du er full av energi?

Møt opp på Grendehuset torsdagar klokka 17.30 til 18.30  på
SMÅSPRETTEN !
Me får låne ballar, rokkeringar, hoppetaug og anna moro av skulen.

Opplegget er rett og slett å gje borna i bygda som er i bornehagealder og til og med 4. klasse ein aktiv møteplass.

Borna må kome i fylgje med ein vaksen, og sysken er òg velkomne!
Me tek med musikk og finn fram utstyr, og elles er tanken at borna aktiviserar seg sjølve.
Nokre felles aktivitetar vil me ha frå tid til annan.

Det kan vere lurt å ha med seg innesko (med kvit sole) og ei vassflaske.

Dersom de vil ha meir informasjon kan dykk ta kontakt med:

Unni Kristensen, tlf: 971 76 385 eller Turid B. Kleve, tlf. 920 46 792
Vel møtt til liten og stor! 

barn