Prøvebustad i Lårdal ? Skriv ut E-post
Skrevet av Kirsten Homme   
onsdag 16. september 2009 15:01
Heilt ferske planar om å føre opp ein prøvebustad !

prestegardsjorde bandaktomt
Mange av dei som spør etter bustad i Lårdal eller andre plassar i utkantNoreg ønsker seg småbruk.
Dei vil ha stor tomt der dei kan dyrke mat, ha dyr og sleppe å ha nære naboer tett innpå seg.
Svært få småbruk er på sal, og mange av dei som er så heldige å få kjøpt, oppdagar at det vert dyrare enn dei hadde tenkt, og mykje meir arbeid.

Når Lårdal Liv Laga no går inn i ein prosess med å få til ein prøvebustad, så tenker vi litt annleis.
tomteutsyn
karnapp Vi håper på at kommunen vil bli med på planar om å utvide eit område der dei har stikka eit par tomter mellom prestegarden, Hagadokki og vassreservoaret.
Det kan bli buplassar med kjempeutsyn over Bandak og med sol "heile døgnet" !
Vi tenker oss at det kan bli bygd fleire hus her, og at dei som vil ha t d hest, stall eller kjøkenhageparsellar kan samarbeide om slikt ein annan stad
- på prestegardsjordet for eksempel...
Hvis du synes dette hørest spanande ut, så kan du kontakte Karl Torstein Hetland eller ein annan i styringsgruppa Lårdal Liv Laga.
Da kan DU få vere med å forme framtida di i Lårdal.

Karl Torstein Hetland tel 913 01 568  Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
er kontaktperson i prøvebustadprosjektet.
Styringsgruppa hadde møte med arkitekt Sverre Sondresen og prosjektleiar Elisabeth Lid ( vikar for Emilie)
Bilete er teke på Karnapp rett oppom prestegarden.