Lårdal Vel Skriv ut E-post
Skrevet av Kirsten Homme   
lørdag 08. november 2008 13:45
Føremålet med laget er å skape trivsel og aktivitet i bygda
 

Lårdal Vel ble stifta i 1986 med styre og turkomité. Det vart sett opp plakattavler, bord og benkar rundt
i bygda og badebryggje ved Bakkestråndi. Det vart arrangera skiturar, aketurar og fotturar i nærområdet.


Frå 1993 til 1996 var Lårdal  ei av fem mobiliseringsbygder i Telemark. Det var ei aktiv tid da bygdefolk arbeidde saman om gode idear som vart sett ut i livet. Ein kom i gang med:

  • stadnamnkart over Lårdal
  • rydding av stiar og gamle vegar og ny natursti rundt Gågehaug
  • skeisebane på Håtveit
  • fritidsklubb og teatergruppe som laga ein framifrå revy
  • Lårdølen som var ei bygdeavis som kom ut eit par gonger i året
  • riving av saghuset og planering av tomta til friområde
  • Lårdal Camping, Telestrikk og Lårdal Daglegvare
  • reguleringsplan for nedre Lårdal
  • oppsetting av nye postkassestativ
  • planar om utbygging av skulen

Lårdal Vel har samarbeidd med  «Viser ved Kanalen» og hatt vandring saman med botanisk foreining på Villblomstens dag i juni.

Laget har sponsa mikrofonar og prosjektør som kan brukast på grendehuset, kjøpt inn partytelt (som er til utlån), brøyta veg til skilåm over Langesæ og fått bygdefolket med på fellesturar i nærmiljøet.

Lokal telefonkatalog kom ut og ein masa stadig på Telnor for å få mobildekning i bygda. Laget var og pådrivar for utbygging av breidband.

Det har vore kontakt med Båtlaget og Lårdal Camping om bruk av arealet ved Bandak – og med kommunen i samband med offentleg toalett og renovasjon.
Eit år dukka det opp ei flytebryggje ved badeplassen i Laugevatn.

I 2007 søkte Lårdal Vel om å bli med på ei småsamfunnssatsing. Prosjektet «Lårdal Liv Laga» fekk tildela  midler for å arbeide vidare med å skape trivsel og aktivitet i 3 nye år.
Dette prosjektet er no avslutta, og vi ser tilbake på trivelege møter, aktive timar og gode resultat.

Lårdalstigen, NM i Kaste på stikka og opprusting av vassfronten var dei største oppgåvene som vi trur mange har hatt og skal få glede av.

Lårdal Vel er ikkje medlem av Norges Vel, men ønskjer å vere eit opent forum der alle Lårdal sine innbyggarar er medlemer utan kontingent. Midlar til drift av laget får ein av inntektsbringande tilstellingar og stønad frå Tokke kommune.  Lårdal Vel skal vere grende- og partipolitisk nøytral og fremje og arbeide for saker for Lårdal og alle innbyggarane si interesse og trivsel.

17. maikomiteen rullerar i bygda slik at alle får vere med kvart 3. eller 4. år.

Dei som sit i styret i 2011 er

Hege Torunn Kovajord (leiar)

leiar

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

928 99 718

Marianne Støyle

nestleiar

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

970 92 434

Håkon Eliassen

 

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

482 45 776

Liv Astrid Kristiensen

kasserar

 

350 76 716 -  920 56 353

Sigurd Asle Heimdal

 

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

350 76 601  - 958 67 856

Karen Skottveit

 

 

 

 





Sist oppdatert fredag 14. oktober 2011 17:24