| Møtereferat Lårdal Vel |
|
|
| Skrevet av Svein Gunnar Brekka |
| fredag 08. mai 2009 09:15 |
Styremøte i Lårdal vel 28. aprilSted: BarnehagenTilstades: Karen Skottveit, Einar Strand og Svein Gunnar Brekka Sak1/09 På årsmøtet vart det ikkje valt leiar. Dette er overlete til det nye styret. Førebels fungerar Svein Gunnar Brekka som leiar og Karen Skottveit som nestleiar. Sak2/09 Materialforvaltar for Lårdal vel. Det kom framlegg frå prosjektstyret i LLL om å utnemne ein materialforvaltar til å ta seg av eigedelar i LV. Styret arbeidar med å finne ein person som er viljug til å ta på seg denne oppgåva. Sak3/09 Dugnad på båthamna, friområdet og badeplassen. Felles dugnad med båtlaget 11.5. kl. 1800. Karen syter for brus og kake. Sak4/09 Beising av benkar og badebrygger. Karen spør Reidun om å væra med å beise ved Laugevaten/Bui. Liv Astrid ordnar med beising nedanfor Kleivi. Sak5/09 Sand badeplass. Vurdere om det er behov for påfylling av sand. Svein Gunnar undersøker med kulturetaten om det er midlar å hente. Sak6/09 Lårdal Vel har motteke 25000,- frå fond i DnBNor. Pengane skal gå til material og inventar til hytta nedanfor Heddedalen. Liv Astrid fører eige rekneskap. Sak7/09 Lårdal vel har motteke 25000,- frå Tokke Kommune til istandsetting av hytta nedanfor Heddedalen. Sak8/09 Turstaffeten fortsetter. Svein Olav tek seg av kasser og bøker. I år er det kasser på fylgjande stadar: Ingusdalen, Nygård, Flekstveit, Krossdalen, Vermundstøyl og Saupstøyl |

