Tøffare enn Besseggen? Skriv ut E-post
Skrevet av Kirsten Homme   
søndag 12. oktober 2008 07:54
Den nye turvegen frå Dalen til Lårdal fekk prosjektnamnet  "Tøffare enn Besseggen?"    
Det var stor skepsis til forslaget om å lage og merke ein slik sti.
Ingen hadde gått der og «alle» meinte at det var alt for bratt og vanskeleg å ta seg fram.

"det går ikkje an..." - "det er ufremkomeleg..." - "alt for langt..."

Det var reaksjonane, men så var det ein spreking - pensjonist på 75 år som tenkte:
- Kan jo prøve, og så fann han ut at det gjekk!
Han fekk med seg eit par-tre andre pensjonistar som hadde møtt motgang før, - og dei laga og rydda ein sti som går på høgdedraget mellom dagens kommunesenter Dalen og det gamle kommunesentret Lårdal....

Vi ser Olav Ormestøyl, Jørgen Kasin, Isak Isaksen og Einar Strand
seniorstart
- men     ER DET TØFFARE ENN BESSEGGEN ?


Den merka stien går delvis ute langs fjellskrent der du ser rett ned i Bandak og tidvis inne i frodig skog. Høgaste punkt på turen er 840 meter o h - dvs at du ser innsjøen Bandak ca 770 m lenger ned.

31. mai 2008 inviterte Lårdal til opningstur.

Turen ble enorm! Dei som hadde gått Besseggen sa at dette VAR tøffare!
Været var perfekt, - litt dis som gjorde at sola ikkje var for intens, men sikten var utmerket.
Vi såg rett ned i innsjøen Bandak fleire plassar og hadde masse spektakulære opplevingar.
fra møyskriv
Ein tysk journalist hadde nær svima av,  da han fann ut at stien ikkje var asfaltera.
Farga damer frå nabokommunen kom med og uten «burka». Dei var overraskande spreke!
Teljekorpset hadde 200 på notatblokka da dei tok beina fatt mot Lårdal. Det var i overkant av alle tips!
Dei raskeste gjekk turen på litt over 3 timar, - andre var sosiale, tok livet med ro, fotografera og sola seg.
Dei som ikke hadde ork til heile turen, tok ein snarveg og ble henta av minibuss.

Jørgen og damene
Vel framme i Lårdal var det øl og gatekjøkenmat hos Ivar på "campingen" og Hege servera  fiskesuppe, kaffe og sveler i hotellhagen.
Bygdefolk som ikkje hadde gått turen, møtte opp for å fortelje historiar frå den tida dei "rente tømmer" i dei bratte liane som vi hadde passert.


hotellhagen
Så kom "Victoria" ute i fjorden og tok med mange av turdeltakarane tilbake til Dalen. bryggja