|
Skrevet av Kirsten Homme
|
|
onsdag 05. mai 2010 00:00 |
Kart over Lårdalstigen.
 |
Turistkontoret i Tokke laga i 2009 eit kart som viser m a stien som går frå toppen av Eidsborgberget, ovafor Dalen og til Lårdal.
Du får kjøpt Turkart Tokke på kommunehuset og og på turistkontoret på Dalen for under 100-lappen. Du finn turløyper i heileTokke og i store delar av Vinje. Her får du mykje for pengane!
Søk på Lårdalstigen i søkefeltet, så kjem det opp ein levande og fin fotomontasje. |
Lårdalstigen er teikna med prikka raud line. Du kan gjere ein krok nedom Urdalen og klatre ned til Risen og Gygri som du ser framom deg når du går stien. Du kan velje om du vi gå heile turen fram til Lårdal eller gå ein kortare veg ned til Støylsdalen. Vil du vite meir om turen, så kan du lese om Lårdalstigen her Det finst og eit anna kart over ruta.
|
Du kan og spørje etter kartet på bensinstasjonene i kommunen. |
|