Lårdalstigen - utfordrande tur ! Skriv ut E-post
Skrevet av Kirsten Homme   
søndag 24. april 2011 00:00
Tursti for dei som vil ha utfordringar.
Du finn den i Tokke kommune i Vest-Telemark.
Ein kan gå frå Eidsborg (500 m oh) til Lårdal, eller starte i Lårdal (72m oh).
Turløypa vart laga i 2007 av lokale krefter, og opna i mai 2008.
Hovedstien er merka med raudt og blått - sidestiane til utsiktspunkt  o l er merka med gult.
Den 15 km lange stien går delvis ute langs fjellkanten og tidvis inne i frodig skog.
Høgaste punkt på turen er 840 meter o h – da ser ein vatnet 770 m lenger ned.
Dei raskaste går turen på 3 timar, - andre tar seg god tid og bereknar å bruke heile dagen.

suirui

Opningstur.
Kvart år blir det annonsera opningstur siste laurdagen i mai med startpunkt ved Sui-Rue øvst i Eidsborgberget.
Første del av Lårdalstigen er rimeleg lett å gå.

Vil du ha meir utfordring, kan du gå utom Urdalen der du finn tufter etter tre husmannsplassar frå midt på 1800-talet og er du stø på beina, kan du sjå nærare på dei kjende fjellformasjonane Risen og Gygri.

urdalen


Risen og Gygri i sikte.

risen_gygri_lauvik


Her ser ein ned på Risen og Gygri.
risen_gygri
moyskkriv tf


Stien går rett forbi Møyskriv som er ein spesiell fjellformasjon med loddrette fjell på både sider av ei djup renne som går ned til Bandak. Står du på rette plassen ser du ein stor stein som ligg på tvers og du kan sjå Bandak gjennom ei firkanta ramme.





kapteinrenna


Kaptein renna er og ei slik djup renne som gir fint utsyn til Lauvikgardane på andre sida av Bandak.
Så bér det opp til Gløstøylnuten (848 m o h) som er høgaste punkt på turen.
Ein klatrar ned frå fjellet og inn i eit skog- og myrterreng der stien leikar med digre, trolske kampesteinar.
Her er det lett å finne ly om det kjem ei skur, men det ikkje langt att til skogskoia med open dør for alle som kjem forbi.
Litt før du kjem til koia er det eit vegskilje der du kan ta ein snarveg til Støylsdalen.
ras Du har no den tyngste del av turen foran deg. I dårleg vær kan den være utfordrande.
Stien krøker seg nedover mot Bandak og du ser snart unge lauvtre og mange angande urter rundt deg. Da er du inne i eit
botanisk spanande område der det fór eit stein- og jordras sist i 1980 åra.
I nerkanten av raset, 225 m over Bandak, tek stien deg oppover igjen, og du må  50 m nesten rett opp før du kan snu nasen ned mot Lårdal.

Første plassen du kjem til er Øvre Holte der det budde folk fram til 1910.
Eit tømra fjøs, steinmurar og åkerreinar viser at det har vore busetnad her.
utsyn Stien slynger seg fint ned mot bygda, og du kjem fram til eit utsiktspunkt som du ikkje må gå forbi.
Stopp og nyt utsynet over ei vakker bygd.



Her får du eit panoramabilete
av den mest folkerike del av bygda med bryggja der kanalbåten legg til i kveldinga.
bok Litt historie
Store deler av turen går i jomfrueleg terreng, men i første og siste delen har det vandra mykje folk før deg.
Langs stien er fleire merke etter tømmerdrifter. Ved Juvstøyl går vegen forbi restar av ein kabelbane og fleire stader ser ein tømmerrenner ned
til Bandak, t d Heddedalskotet og ved Møyskriv. Siste del av stien ned mot Lårdal går tidvis i ei slik tømmerrenne.
Heddebu er ei gamal skogskoie som er stelt opp med senger og ein omn. Her kan ein overnatte.
Ta ein tur inn og skriv deg i hytteboka.
Lårdalsheiane er kjend for brynesteinsbrot.
Det kan ein ikkje sjå på denne turen, men like ved Mærdalstjønni finn ein restar etter eit skiferbrot.

skiferforteller

Flora og fauna.
Turstien slyngar seg gjennom svært variera terreng med planter, insekt, fuglar og dyr som ikkje er så vanlege. Ein går over gamal setervoll, langs myrdrag,
over tørre bakkar og fjell - og i gamal, urørd skog der det knapt har gått folk før.
I rasområdet mellom skogskoia Heddebu og Holte har det vokse opp ein heilt ny flora etter 1990.
Der finn du fleire orkidéartar, m a kvit skogfrue og søstermarihand. Det veks lind, svensk asal, timian, oregano og andre varmekjære artar.
Gaupa har tilhald i fjellsidene mot Bandak, og ein ser stadig spor etter rådyr, hjort og elg. Ørn og våk har reir, og i mai/juni flagrar freda apollosommarfuglar
rundt om i bakkane.

Vil du gå denne turen frå Lårdal eller frå Dalen/ Eidsborg - så må du vere i god fysisk form og du må rekne med å bruke 5-9 timar på heile turen.
Du bør ha:
  • sko med gode sålar og gjerne ankelstøtte
  • mykje drikke - særleg på varme dagar og om du går raskt
  • fotoapparat, kikkert og niste
  • så god tid at du kan utforske terrenget utanom hovedstien
  • stavar er gode å ha, men lett å gløyme att....

Går du Lårdalstigen fleire gonger vil du stadig finne noko nytt. Det kjem an på årstida, på været, om du går stilt og aleine og om du følgjer avstikkarane
som er merka med gult. Nokre av dei går fram til utsynsplassar og nokre til andre stader f eks til Eidsborg og til Mæland i Støylsdalen.
Det er lite vatn å finne å finne på turen.Vi går nære Diplane , eit par små tjønner i myr. Det er ei utfordring å få tak i vatn eller ta seg ein dukkert her.

Ein levande fotomonasje finn du om du søker etter Lårdalstigen her .



Ta kontakt med Dalen Turistkontor  Tlf 35 07 56 56    Der får du praktiske råd og tips.

I 2012 har turistkontoret slike opningstider:

2.mai – 8.juni  mon. – fre.  kl 0900 – 1530

9.juni – 19.aug. mon. – fre.  kl 0900 - 1900,

laur. – sun.  kl 1000 - 1700



.
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen   og sjå visitdalen.com for fleire bilete
diplane
.