Dette er Lårdal Skriv ut E-post
Skrevet av Lars Kleve   
fredag 10. oktober 2008 19:28
kart Lårdal er ei lita bygd i Tokke kommune. Den gamle, ærverdige industristaden ligg vakkert til ved innsjøen Bandak, og er nest siste stoppestad for båtar opp Telemarkskanalen.

Der andre bygder opplever fråflytting, spirer og gror det bokstavleg talt i Lårdal, som er kjent for sitt varme klima, unike fauna, spektakulære turtilbod og kreative og vennlege innbyggarar.
lrdal
Bygda ligg sørvendt til, avgrensa av Bandak i botn på om lag 72 m.o.h., og eit fjellparti på kvar side som ragar 600 meter høgare. Lårdalsåi slynger seg ned igjennom dalen med friske dråpar frå ein mengde bekkar og mindre vatn lengre oppe. Samen bidreg sol, fjell, rein luft og vatn til eit faunamangfald du ikkje finn maken til andre stader. Så behageleg er sumaren i Lårdal at grøne druer kan etes rett frå busken.
Lårdal har om lag 220 innbyggarar. Dei siste åra har særleg fleire unge busett seg i bygda, og talet på born i skule, barnehage og SFO er jamt stigande. Bygda kan også skilte med eige heimebakeri, bibliotek, alderspensjonat, gjestehus med servering, campingplass med gatekjøkken, kyrkje, produksjon honning, eigen badestrand, parkanlegg med sandvollyballbane, småbåthamn med gjestebrygge, m.m..

victoria_ved_lrdal_bryggeLårdal blei i 2007 valt ut som deltakar i eit småsamfunnsprosjekt støtta av Kommunal- og regionaldepartementet, Telemarks fylkeskommune og Tokke kommune. Prosjektet, som har fått namnet ”Lårdal Liv Laga”, har som mål å styrke livsgrunnlaget for bygda ytterlegare. På desse sidene kan du hente informasjon om bygda og kva kreative og initiativrike innbyggarar gjer for at Lårdal skal gro og blomstre også i åra som kjem.

Velkomen til Lårdal