|
Lårdal skule- og oppvekstsenter
Lårdal skule er ein todelt skule: 1.-4. klasse (småskulen) for seg og 5.-7. klasse (storskulen) for seg. Skulefritidsborna nyttar Lårdal barnehage som base. Skulen har skulefritidsordning for 1.-4. klasse.
|
|
Lårdal barnehage er ei underavdeling av oppvekstsenteret og er lokalisera til Håtveit Grendehus.
Håtveit Grendehus blir bruka av Håtveit grendelag til diverse tilstelningar, og Lårdal Sanitetsforening til t.d. symøter.
|
|
Lårdal Grendehus
Grendehuset vårt er eit samlingspunkt for både fest og fritid.
|
|
Kyrkja
Kyrkja i Lårdal er plassert i nedre del av bygda og har ein strålande utsikt mot Bandak. Kyrkja vart vigsla i 1831. Denne kyrkja er nr.3 i rekka av kyrkjer i Lårdal.
|
|
Prestegarden
Prestegarden i Lårdal er rekna for ein av dei finaste i Norge. Bygd opp etter brann i 1833.
|
|
Eben Ezer
Pinsemenigheten i Lårdal sitt forsamlingshus.
|
|
Butikken
Her er det som var den trivelege bui kåns. For tiden manglar bui drivar, men kanskje dukkar det opp nokon igjen ein gong i framtida.
|
|
Heimebakeri
Anne Karen Lundbergs bakeri der du kan bestille kling og kaker. Ho bakar til einkvar anledning, som t.d. påske, jul, konfirmasjon, bursdag osv.
|
 |
Bandak Camping
Ei fantastisk perle av ein campingplass heilt nede ved Bandakkanalen. Plassen har utleigehytter og tar imot både campingvogner og bobiler. Kjempefin barnevennlig badestrand like ved. Bandak Camping har også gatekjøkken der du kan få deg noko å bite i, og noko å drikke på. Gatekjøkkenet har både øl- og vinrettigheter. |
|
Skattekammeret Hjarta til hjarta
Koselig gjestestoge med utleigeleiligheitar, og ein sommaropen kafé der menyen skjerpar smakslaukane. Ligg heilt nede ved vatnet, og har ein fantastisk utsikt utover Bandak.
|
|
Brygga i Lårdal
Brygga der kanalbåtane Victoria og Henrik Ibsen regelmessig legg til. Brygga blir også bruka til utstillingar og tilstelningar som t.d. "Viser ved kanalen".
|
|
Småbåthavna
Båthavna i Lårdal der mange har båtane sine i båtsesongen. Gjestebrygge har me også som blir flittig bruka av turistar som ferierar på Bandakkanalen. Båthavna blir administrert av Lårdal båtlag.
|
|
Friområde
Vi har et kjempefint grøntområde nede ved Bandak. Der har vi satt opp benker, bord og grill som alle kan benytte. Det er også en sandvolleyballbane og eit klatreanlegg for mindre born.
|
|
Lårdals Ark
Her ser vi resultatet av ungdomsarbeid på dugnad. En fantastisk skovelbåt som stadig er ute på vannet i sommerhalvåret.
|
|
Idrettsplassen
Idrettsbanen vår er ein grusbane som blir mykje bruka av ungdomane i Lårdal t.d. fotball. Her blir det óg halde NM i kaste på stikka.
|
|
Alderspensjonatet
Alderpensjonatet i Lårdal med 8 bustader.
|
 |
Helleristninger i Lårdal
Dette er helleristingar som blei funne på garden Skjelbreid som ligg mitt i bygda. Det er mest sannsyneleg at dei er frå yngre bronsealder (1100-500 år f.Kr.) dvs omlag 2600 år gamle.
|
|
Ungdomshuset
Me har eit ungdomshus som er sett istand til aktiviteshus for ungdom slik at dei har eit flott sted å være. I huset er det eit stort aktivitetsrom, film/spillrom, LAN-rom, trimrom og en snekkeravdeling. Me har og eit flott,nytt kjøkken.
|
|
Bibliotek
Biblioteket i Lårdal har hus i fyrste etasje på alderspensjonatet og har ope to dagar i veka. Måndag frå kl 12.00 til 13.00 og torsdag frå kl 17.00 til kl 19.00.
|
|
Husdyrbruk
I Lårdal er det eit aktivt husdyrbruk med storfe og sauehald som held kulturlandskapet i hevd.
|
|
Gardsproduksjon På nokre av gardane kan du få kjøpt produkter som bøndene produserar sjølve. På bildet til venstre ser du nokre av bikubene til ein lokal produsent av honning. |
|
Husflid
I Lårdal fins det eit aktivt husflidsmiljø med to vevstoger og strikkekafé annan kvar mandag. Har du lyst til å vera med er det alltids plass til fleire.
|
|
LÅRDAL
Dette er bygda vår, ei bygd med moglegheitar, ei bygd med plass for alle, ei bygd som me alle kan dele.
Dette er LÅRDAL!
|