| Skattekammeret Gjestestoge |
|
|
| Skrevet av Anne Karen Lundeberg |
| lørdag 18. oktober 2008 11:45 |
![]() Når fred og natur kysser kvarandre ... er det godt å leva. Bli fri - lat draumen bli deg. Har du kjent dei innerste hjarte-strengene dine? Dei som kjem fram når alt det andre må vike. Uro, støy, travelhet, stress og jag. Kor er dei mjuke tonane dine som lengtar etter at du skal lære dei å kjenne. Sjå på sommarfuglane kor dei dansar frie og glade i blomstereng. Nederst i solfylte Lårdal, ei verdifull perle i hjarta av Telemark, ligg Skattekammeret kunstkafé. Sommartid, frå skuleslutt, er kaféen åpen tirsdag til søndag frå 13.00 til 19.00. Det serverast enkle smårettar, nysteikte sveler rett frå takka og andre gode kaker frå eiget kjøkken. Nyt idyllen i den gamle hotellhagen med utsyn mot fagre Bandak som ligg 72 m.o.h. Inne i kaféen kan du sjå maleri med motiv frå hjartas djup på vandring mot ein ny vår. Trykk av maleria er til salgs. Vi selger sunn, søt og god honning frå lokal birøktar. Frå Dødehavet kjem AHAVA hudpleieprodukter rike på mineraler som nærar kroppen din. Gode produkt til deg som vil kjenne velvære. Desse selgast i kaféen og er fine gaveartiklar. Vi har til leige to fine leilighetar med utsyn mot fjell og fjord for deg og dine kjære. Eige kjøkken gjer at du kan lage din eigen mat og kose deg. Du og din famile er hjarteleg velkomne til å besøke oss!
|



Mat frå eige kjøkken